Tilbake  

Årsmøteprotokoll for Holmavika Havnelag

Årsmøte 2014 ble holdt 28. februar 2014 kl. 19:00 i Sunnivasalen på Selje Hotel. 21 medlemmer møtte.

Leiar Ole Oddan ønskte møtedeltakarane velkommen.

Sak 1: Innkalling m/sakliste

Innkalling og sakliste var samrøystes godkjent.

Sak 2: Val av møteleiar

Leiar Ole Oddan vart samrøystes vald.

Sak 3: Val av ein til å skrive protokoll

Ole Bosnes vart samrøystes vald.

Sak 4: Val av to til å underskrive årsmøteprotokollen

Vedtak: Rune Jan Skår og Per Årvik skriv under årsmøteprotokollen. – Samrøystes –

Sak 5: Årsmelding 2013

Leiaren gjekk gjennom og kommenterte punkter i den utsendte årsmeldinga som hadde eit detaljert oversyn over laget sine aktivitetar i 2013.

Vedtak: Årsmeldinga vert godkjent.
– Samrøystes –

Sak 6: Rekneskap 2013

Rekneskapen, resultat og balanse, er revisorgodkjent og viser eit årsresultat på kr. 9.404,57. Den langsiktige lånegjelda var ved årsskiftet på knappe 390.000 kroner. Nokre spørsmål til einskildpostar i rekneskapen vart svart på og forklart. Kostnadene for straum og rekneskapsføring er høge. Styret vert beden om å søke rimelegare rekneskapsføring.

Vedtak: Rekneskapen vert vedteken slik den ligg føre.
              – Samrøystes –

Sak 7: Fastsetting av

  • Årleg medlemskontingent

Framlegg frå styret: kr.1.500,- 

Vedtak: Som framlegget.
            - Samrøystes -

  • Storleik på andelar

Framlegget frå styret:
A og B-bryggene:  kr. 40.000,- med 6 meters utriggar og standard 3,5 m breidde.                                

kr. 45.000,- med 8 meters utriggar og standard 3,5 m breidde.

C-brygga:             kr. 38.000,- med 6 meters utriggar og standard 3,0 m breidde.

Vedtak: Som framlegget.
- Samrøystes -

  • Frikjøp dugnad

Framlegg frå styret: kr.800,- 

Vedtak: Som framlegget.
      - Samrøystes -

  • Prisar ved sliping

Framlegg frå styret:
Slipping medlem:…………………...... kr.400,- 
Slipping medlem, småbåt:……….....kr.100,-
Slipping IKKJE medlem: :…….. …...kr.700,-
Slipping IKKJE medlem, småbåt....kr.300,-

Vedtak: Som framlegget.
- Samrøystes -                                            

Tillegg: Årsmøtet meiner styret for perioden 1.oktober – 1.mars kan tillate slipping i lengre periodar, t.d. ei veke i gongen, såframt dette ikkje er til ulempe for andre som ønskjer slipping. Normalt gjeld satsane for slippsetting i inntil 4 døgn.

  • Straumavgift

Framlegg frå styret:  Kr.700,-, minimumsavgift.              (Sjå også pkt.4, sak 10)

     Vedtak: Som framlegget.
  - Samrøystes -

Sak 8: Budsjett

Budsjett for 2014 vart presentert på storskjerm. Budsjettet er satt opp med eit netto driftsoverskot på kr. 450,-. Det kom fram i drøftingane nokre spørsmål kring arbeid og kostnad ved reparasjon av moloen. 
Vedtak: Budsjettframlegget vert vedteke slik det er framlagt.
– Samrøystes–

Sak 9: Val

Valnemnda kom med framlegg til kandidatar til dei ulike posisjonane i styre og valnemnd samt framlegg til revisorar. Leiar Ole Oddan og styremedlem/hamnesjef Jan Kåre Ødegård hadde sagt frå seg attval.
Valnemnda sine kandidatar til å ta over dei ledige verva er: Inge Bakke, leiar, Terje Edvardsen, styremedlem og Jan Lundebrekka som vara etter Roar Silden. Torleif Løken vert ny revisor og Rune Jan Skår erstattar Vidar Berge i valnemnda.
Styret i Holmavika Hamnelag vert då slik fram til neste årsmøte etter samrøystes vedtak:

Leiar Inge Bakke 1 år
Styremedlemmar Alvin Honningsvåg 1 år
Svein Kåre Årsheim 1 år
Terje Edvardsen 2 år
Varamedlem Jan Lundebrekke 2 år
Revisorar Olav Ervik 1 år
Torleif Løken 2 år
Valnemnd Jan Petter Venøy 1 år
Rune Jan Skår 2 år

Sak 10: Andre saker

  • Justering av vedtekter for å tilfredsstille samvirkeloven.

Nye/reviderte vedtekter vart vedteke i ekstraordinært årsmøte seinhaustes 2012. For å tilfredsstille lovkrava fullt ut, vart det kravd nokre endringar av Brønnøysundregisteret i samband med at Holmavika Hamnelag skulle registrerast som SA.  Desse vedtektsendringane/tilpassingane vart gjennomgått og forklart av leiaren. Alle medlemmar skal få tilsendt dei endelege, og pr. dato gjeldane, vedtekter for Holmavika Hamnelag-SA.

  • Innkjøp av klaver til flyteelement brygge B.

Leiaren viste og forklarte korleis klaver for å feste flytelementa på brygge B så ut og er tenkt virka. Årsmøtet ga positive tilbakemeldingar. Det nye styret får vurdere om tilbod frå fleire leverandørar.

  • Vurdere maksimalvekt og maksimallengde på båtar i hamna.

Her blei det ein del drøfting kring temaet, men styret sitt framlegg på 12 m maks lengde og maksvekt på 10 t vart godkjent.

  • Straumutgiftene har auka dramatisk i hamna – tiltak for å redusere straumforbruket

Straumutgiftene i hamna synes store. Det som gjeld er at dei som koplar til landstraum i båtane sine, betaler inn ein omtrentleg sum, alt etter ca. forbruk, ut over minimumsavgifta, som no er vedteken å vere på kr.700,-. 
Årsmøtet ber likevel det nye styret sjå på korleis ein kan få inn meir rett og rettferdig innbetaling av straum frå dei som koplar til landstraum. Mellom fleire alternativ ser det pr. no ut til at kvar einskild båteigar, dersom han skal bruke straum, bør kjøpe seg ein straummåler som kan fortelje kva straumbruk det skal betalast inn avgift for.

 

_______(sign.)________
Ole Bosnes, ref.

 

_______(sign).__________                                                   ________(sign.)____________
Rune Jan Skår                                                                        Per Årvik

 

Til toppen av sida Tilbake