Til forsida  

Holmavika hamnelag - SA

Stifta 27.03.92
Organisasjonsnummer 990916373

Vedtekter

Oppdatert etter årsmøtet 2020

Adresse:                         

Holmavika Hamnelag v/leiar, 6740 Selje
Stad kommune, kommunenummer 4649

§1 Formål og organisering

  • Holmavika hamnelag SA, 6740 Selje, har som hovudføremål å skaffe båtplass til  medlemmer som har bustadadresse med postnummer 6740 Selje.
  • Laget er organisert som eit Samvirkeforetak - SA, 100 % eigd av andelseigarane, med skiftande medlemstal og kapital.
  • Medlemmene heftar ikkje personleg for pliktene til laget utover eigen andel. Kvar andel sin verdi vert fastsett av årsmøtet.

§2 Oppløysing av hamnelaget

  • Oppløysing av Holmavika hamnelag kan berre gjerast av årsmøtet eller ekstraordinert årsmøte (sjå §7) og då med vedtak av minst 2/3 fleirtal av dei frammøtte.
  • Gjenverande midlar (nettoformuen) skal gå til dei som er medlemmer på oppløysingstidspunktet. Fordelinga av midlane må i tilfelle skje på grunnlag av deira omsetning med foretaket dei siste tre åra.

 

§3 Medlemsskap

  • medlemmer som får tilbod om båtplass i Holmavika Hamnelag må betale medlemskontingent og eit andelsinnskot. Andelsinnskotet skal være betalt før båtplass kan bli tilvist. Storleiken på andelsinnskot vert fastsett av årsmøtet. Andelsinnskot forrentast ikkje.

Andelsinnskot

 

6 m gangbar utrigger +
fortøyningsbom

6 m gangbar utrigger på 
begge sider

8 m gangbar utrigger + fortøyningsbom

8 m gangbar utrigger på
begge sider

Brygge A og B,
standard 3,5 m bredde

50.000

56.250

56.250

62.500

Brygge C,
standard 3,0 m bredde

47.500

53.750

 

 

Plass med utriggar på ei side: 25.000

Pristillegg for bredde utover standardmål for plassen er 1.000 kroner per 25 cm.

  • Årleg medlemskontingent blir å betale etter den til kvar tid gjeldande sats. Medlemskontingent vert fastsett av årsmøtet.
  • Innbetalt andelinnskot vert betalt tilbake til medlemmet ved salg av båtplassen. Medlemmet blir da meldt ut av hamnelaget.

 

§4 Økonomi

  1. Årsoverskot blir sett av til betaling av uteståande fordringar (lån, avgifter etc.) samt drift av hamneanlegget og eventuelle nyinvesteringar.  
  2. Rekneskapsførar skal utarbeide rekneskap som vert lagt fram på årsmøtet.
  3. Rekneskapet skal reviderast av to revisorar godkjent av årsmøtet.

 

§5 Styret

  1. Holmavika hamnelag vert leia av eit styre på 5 medlemmer.
  2. Styret er sett saman av: Leiar, nestleiar, kasserar og to styremedlemmer. I tillegg til styret vert det vald eit varamedlem.
  3. Styret vert vald for 2 år av gongen, men slik at to medlemmer står på val kvart år.
  4. Leiar vert vald for eit år.

Styret

  1. er vedtaksført når minimum tre av medlemmane er til stades. Ved like stemmer, har leiar dobbeltstemme.
  2. kan oppnemne nødvendige underkomitèar.
  3. skal stå for drifta av hamneanlegget, sørgje for at vedlikehaldet vert utført og sjå til at hamna sine vedtekter vert haldne.
  4. fastset dato for årsmøtet og kallar inn til dette.
  5. skal sørgje for at hamneanlegget til ein kvar tid er forsikra slik at tredjepart og/eller andelseigarar/ båteigarar ikkje vert skadelidne.
  6. er ansvarleg for at Holmavika hamnelag vert drifta på ein forsvarleg måte, innanfor dei økonomiske rammene som årsmøtet har vedteke. 

Leiar skal kalle saman til styremøte minst to gongar i året, og leie desse.

Nestleiar tek over leiaransvaret i leiar sitt fråver.
Nestleiar er hamnesjef.

Hamnesjefen skal sjå til at bryggjer og fortøyingar er i forsvarleg stand. Han vurderer kva vedlikehaldsarbeid som må gjerast. Større vedlikehald skal leggjast fram for styret.
Hamnesjefen

  1. har øvste mynde på bryggjeanlegget og hamneområdet.
  2. er ansvarleg for at det tekniske anlegget i hamna er i orden.
  3. eller den han peikar ut, leiar dugnader.
  4. skal i samråd med styret setje opp lister over materiell som det måtte vere trong for til vedlikehald og eventuelle utbyggingar.
  5. skal stå for nødvendige innkjøp av varer til hamna.

Ved hamnesjefen sitt fråver, skal styremedlemmet vere fungerande hamnesjef.
Avvik frå hamnereglane vert å rapportere til styret.

Kasserar

  1. er ansvarleg for laget si kasse.
  2. føretek inn- og utbetalingar, held oversyn over uteståande krav.
  3. leverer bilag til rekneskapsførar.
  4. utarbeider saman med rekneskapsførar oversyn over Homavika Hamnelag sine aktiva og passiva.

Rekneskapsførar syter for at innbetalingsblankettar for bryggjeavgift vert sendt ut til andelseigarane seinast 15. mars kvart år.

Eit styremedlem

  1. er ansvarlig for slipp og utstyr tilknytte slippområdet.
  2. skal stå for nødvendige innkjøp av varer til slippen.
  3. vert fungerande hamnesjef dersom hamnesjefen er vekke.
  4. Styremedlemmet kan knyte til seg eit slippmannskap på maksimalt 4 medlemmer i tillegg til seg sjølve.
  5. Slippmannskapet kan utan kostnad nytte slippen til eigen båt ein gang per år. 

Eit styremedlem

  1. er ansvarlig for vanleg drift av klubbhuset inklusiv, reinhald, vedlikehald av inventar, opningstider, innkjøp og utleige.
  2. Styremedlemmet kan knyte til seg ei nemnd på på maksimalt 2 medlemmer i tillegg til seg sjølve.
  3. er ansvarleg for å melde trong for vedlikehald, utbetringar og større innkjøp til styret.

 


§6 Medlemsplikter

  1. Alle som har kjøpt andelar i hamna pliktar å betale årlig medlemskontingent. Årlig medlemskontingent vert fastsett av årsmøtet i Holmavika hamnelag. Styremedlemmane er fritekne for årsavgift.
  2. Avgifta skal vere innbetalt innan 15. april kvart år.
  3. Medlem som ikkje har betalt avgift 1 månad etter forfall, kan verte utestengt frå laget.
  4. Medlemmane pliktar å delta på tillyste dugnadar. Ved fråver må ein betale gebyr fastsett av Holmavika hamnelag.
  5. Medlemmane i Holmavika hamnelag kan kjøpe seg fri frå dugnad til ein sum som vert fastsett av årsmøtet.
  6. Medlemmane plikter å ha som minimum ansvarsforsikring på eigen båt.
  7. Medlemmane plikter å rette seg etter hamnesjefen sine påbod.
  8. Klager skal rettast, skriftleg og signert, til styreleiar.

 

§7 Årsmøtet

Holmavika hamnelag held sitt årsmøte innan utgangen av februar. Andelseigarane/medlemmane skal ha motteke innkalling til årsmøtet per brev eller e-post seinast 7 dagar før møtet vert halde.

Andre saker som skal handsamast på årsmøtet, må vere styret i hende innan 15. januar.

Når årsmøtet startar skal det velgast møteleiar, referent og to til å skrive under møteprotokollen.

Kvart medlem har ei stemme på årsmøtet, med mindre noko anna vert bestemt.

Kvart medlem kan møte på årsmøtet med fullmakt frå anna medlem, men ingen kan ha fullmakt for meir enn eit medlem. Fullmektigen må legge fram skriftleg og datert fullmakt.

Eit vedtak av årsmøtet krev at fleirtallet av dei som deltek i handsaminga av ei sak, har stemt for. Ved stemmelikheit gjeld det som møteleiaren har stemt for. Blanke stemmer skal reknast som ikkje avgitt. Det vert ikkje stilt krav til kor mange av dei røysteføre som må vere tilstades for at årsmøtet skal vere vedtaksdyktig.

 Årsmøtet skal behandle:

  1. Årsmelding
  1. Rekneskap
  1. Fastsetjing av
  • Årlig medlemskontingent
  • Størrelse på andelar
  • Frikjøp dugnad
  • Prisar ved slipping
  • Strømavgift
  • Prisar for leige av klubbhuset
  • Prisar for utleige av båtplass
  1. Budsjett
  1. Val
  • Leiar
  • Styremedlemmer
  • Varamedlem til styret
  • Revisorar
  • Valnemnd
  1. Andre saker
    • Det vert kalla inn til ekstraordinært årsmøte med minst 8 dagars varsel, når 10% av andelseigarane/medlemmane krev dette skriftleg, eller når styret finn det nødvendig.
    • Endring av vedtekter i Holmavika hamnelag skal berre gjerast av årsmøtet/ekstraordinert årsmøte og då med 2/3 fleirtal av dei frammøtte.

     

§8 Miljøet

  1. Medlemmane pliktar å halde utriggarane fri for groe og snø.
  2. Avfall skal leggjast i søppelkonteinaren. Det er ikkje tillate å tømme septik i hamna eller i nærområdet.
  3. Medlemmane er føregangspersonar i det å halde skjergarden rein. Brukarane av båthamna må ta omsyn til det nære miljøet, særskilt ved bruk av hamna om natta. Fangstavfall skal ikkje kastast i hamna eller i konteinaren. Lensing av oljehaldig lensevatn er forbode.

 

9 Båtplassane

  1. I kvar båtplass skal det ligge kun ein båt.
  2. Andelseigar skal bere drifts- og vedlikehaldskostnader for utriggarane og syte for at dei er i forskriftsmessig stand.
  3. Båteigar er ansvarleg for at båten er forsikra. Styret kan krevje å få lagt fram forsikringsbevis.
  4. Ved behov kan breidden av båtplass justerast dersom det kan skje i semje med eigar av naboplass.
  5. Ingen båt i hamna skal ha storleik over 10 tonn eller 12 meter. Innført i vedtektene februar 2017 og gjeld frå då, men skal ikkje ha tilbakeverkande kraft.
  6. Plassar som ikkje har vore i bruk av eigar dei to siste åra, eller ikkje har vore leigd ut desse åra, kan overtakast av laget.
  7. Båtplass kan berre arvast i direkte line opp eller nedover i arverekkjefølgjen.
  8. Eit medlem kan ikkje eige meir enn to båtplassar i hamna. Kvar plass utløyser fulle medlemsrettar og -pliktar.

 

§10 Fordeling av båtplassar

  1. Styret skal fordele båtplassar
    All fordeling av båtplassar, ved arv, sal, kjøp og utleige, skal skje gjennom styret i Holmavika Hamnelag SA.
  2. Lister
    Styret skal føre tre ventelister:
    1. Bytteliste
      Her kan dei medlemmene som ynskjer å bytte til ein annan plass i hamna teikne seg.
    2. Kjøpsliste
      Her kan dei som ynskjer å kjøpe båtplass og bli medlem i hamnelaget teikne seg.
    3. Leigeliste
      Her kan dei som ynskjer å leige plass i hamna, utan å bli medlem, teikne seg.
    4. Kjøpslista og leigelista skal vere delt i tre deler, der alle på del ein av ei liste har førerett framom dei på del to og tre, medan alle på del to har førerett framom dei på del tre.
      1. Del ein er for dei som har bustadsadresse frå og med Skårbø, til og med Eide.
      2. Del to for dei som har bustadsadresse annan stad innafor grensa til 6740 Selje.
      3. Del tre for dei som har bustadsadresse utanfor 6740 Selje.
    5. For alle listene gjeld:
      1. Kun skriftlege søknadar (epost eller brev) vert behandla.
      2. Det er høve til å teikne seg på leigelista sjølv om ein også står på ein annan liste. 
      3. Det er høve til å avslå eit tilbod om plass berre dersom ein kan vise at plassen ikkje er brukande til båten ein vil ha der. I motsatt fall vil eit avslag føre til at ein vert stroken av lista, eller flytt nederst. Styret avgjer saka i kvart einskild tilfelle.
  3. Sal
    Medlem som ynskjer å selje plassen sin, skal gje skriftleg meldig til styret (epost eller brev). Styret skal sette i gang salsprosessen så snart som råd.
  4. Fordeling av plass til sal
    Ledige plassar blir først tilbode alle medlemmene på byttelista og tildelt den blant dei som melder seg som har lengst ansiennitet på lista. Dersom ein ny plass blir ledig ved bytte blir denne tilbode dei resterande medlemmane på byttelista og tildelt etter ansiennitet, heilt til ingen på byttelista ynskjer å bytte til gjenverande plass.
    Gjenverande plass vert deretter tilbode dei som har teikna seg på kjøpslista, og tildelt etter ansiennitet i samsvar med §10, 2d.
  5. Utleige
    Medlem som ynskjer å leige ut plassen sin meir enn ein månad skal gje skriftleg meldig (epost eller brev) til styret.
  6. Fordeling av utleigeplassar
    Utleigeplassar vert tilbode dei som står på leigelista og tildelt etter anisiennitet på lista i samsvar med §10, 2d.
  7. Prisar og betaling
    1. Prisar ved sal/kjøp av båtplass
      Kjøpar skal betale andelsinnskot i samsvar med vedtektenes paragraf 3, pluss eit kjøpsgebyr på 5 % av andelsinnskotet, til hamnelaget sin bankkonto. Betalingsfrist 14 dagar. Innan fem virkedager etter innbetaling frå kjøpar, skal andelsinnskotet utbetalast til seljar. Hamnelaget skal behalde kjøpsgebyret.
    2. Prisar ved utleige av båtplass
      Prisen for leige av plassar i hamna skal kvart år avgjerast av årsmøtet. Leiga skal betalast forskottsvis til hamnelaget. Hamnelaget beheld 10 % av leigeinntekta. Resten vert utbetalt til utleigar innan utgangen av desember kvart år.
    3. Rettar og pliktar ved utleige
    • Leigetakar tek over medlemmet sin hamnenøkkel i leigeprioden og retten til å nytte slippen til medlemspris. Leigetakar er ansvarleg for vedlikehald av utriggar og eventuelt straumforbruk.
    • Medlemmet er ansvarleg for dugnadsplikt til hamnelaget og betaling av årleg medlemsavgift.

 

§11 Brot på reglane

  • Brot på vedtekter og hamnereglar, økonomisk og anna misleghald, samt ikkje å etterkomme vedtak, kan føre til utestenging frå laget.

 

§12 Signaturrett

  • Styreleiar og nestleiar har signaturrett kvar for seg på vegne av laget.

 

Til toppen av sida Til forsida